A/S Betongindustri

AS Betongindustri er eit entreprenørfirma som er lokalisert i Modalen, om lag 1 times køyring nord for Bergen sentrum. Verksemda vart skipa i 1954 som ei verksemd som dreiv produksjon av betongvarer og ferdigbetong, til industri, kommunar og private. Dette dreiv ein med fram til 1980-åra.

Etter den tid har me satsa meir og meir på utførande byggjeoppdrag, alt frå mindre tilbygg og til større prosjekter. Me er behjelpelig med alt frå tekning og prosjektering til oppføring av din bustad, hytte eller kva du skulle ha behov for å byggja. Me er også behjelpeleg med å skaffa røyrleggjar og elektrikar, dersom det er behov for det.

12 mai 2010 brann mesteparten av byggningsmassen ned, og me sto at med kun kontor og verkstad. Grunna rasfare fekk me ikkje byggje opp igjen, og produksjonsanlegget til ferdigbetong vart historie.

Me er fortida ca 15-16 tilsette, og me driv hovudsakleg med tømrararbeid, mur og betongarbeid.

Arbeidsområdet vårt er heile Vestland fylke, men hovudsakeleg i Modalen, Alver, Vaksdal, Voss, Ulvik og Bergen kommune.

Me er godkjend for ansvarsrett og har sentral godkjenning klasse 2, samt at me har meistarbrev-godkjenning på tilsette i leiinga. Har også Startbank for uthenting av oppdaterte attestar ifbm anbod.